Sunnmøre Kammermusikkfestival

Festivalen byrja som ein idé blant nokre musikalske eldsjeler og har vorte ein viktig tradisjon og møtestad for det lokale musikkmiljøet på Sunnmøre.

Kvart år arrangerar festivalen konsertar for publikum på Søre Sunnmøre. Dei musikalske opplevingingane står i sentrum saman med fokus på høg kvalitet frå gode norske og internasjonale musikarar. Kammermusikken si sjel er kommunikasjon, og musikken er intim, vakker og ofte utfordrande. For mange komponistar og musikarar er kammermusikk ein sjanger som betyr ekstra mykje, fordi den er personleg og heilt avhengig av kvar enkelt musikar og samspelet mellom dei. Difor legg vi også stor vekt på eit tett og nært møte mellom musikarar, publikum og musikken på konsertane våre.

Samspel på høgt nivå finn vi også gjennom når festivalmusikarane møter det lokale musikkmiljøet gjennom festivalkor, meisterklassar, komposisjonskurs, talentkonkurranse, kafékonsertar, foredrag og mykje anna.

Festivalen sine kunstnarlege leiarar, Annar Follesø og Wolfgang Plagge, set kvart år saman eit allsidig program som vi vonar gler, utfordrar og vekker nye kjensler, tankar og interesser hos publikum.

Tema 2023:

Undervegs

 Ved tidlegare utgåver av Sunnmøre Kammermusikkfestival har vi framført seine Beethoven-kvartettar som opus 127 og 131. For årets festival skal vi møte Beethoven midt i livet. Han var allereie ein etablert komponist, og sjølv om verka hans av og til blei sett på som vanskelege, vart dei alltid mottekne med forventningar og interesse. I 1806 skreiv han tre kvartettar på bestilling frå den russiske ambassadøren i Wien, grev Anton Razumovskij. Opus 59-kvartettane reknast som starten på Beethovens middelperiode, og med tru mot eigne prinsipp pressa han allereie her grensene for kva som vart normalt innan lengde, proporsjonar og tekniske instrument-utfordringar for utøvarane. For å sette desse Beethoven-kvartettane i relieff, inkluderer vi også eit verk av Haydn. Haydn var Beethovens lærar, og vert ofte kalla «strykekvartettens far». Mozart var ein beundrar av Haydns strykekvartettar, og i 1780-åra spelte dei stundom kvartettar saman på huskonsertar. Haydn spelte ved desse anledningane fiolin, medan Mozart føretrakk å spele bratsj. I 1785 gav  Mozart ut sitt opus 10, eit sett på seks strykekvartettar tileigna Haydn. Desse verka viser korleis Mozart hadde tileigna seg eit komplett meisterskap over dette formatet. «Dissonans-kvartetten», med si harmonisk svært dristige opning, er eitt av dei mest kjende frå desse verka. 

Det å vere undervegs, eller på vandring, er eit tema som har inspirert både diktarar og komponistar. Moglegheitene innan tematikken fekk mogleg ein særleg appell i romantikken. Dette gir ei fin linje over til den komponisten som meir enn andre omfamna det subjektive perspektivet: Robert Schumann. I år får vi endeleg eit gjenhøyr med to av dei mest distinkte kammermusikkverka han har laga, songsyklusen «Dichterliebe», og den banebrytande klaverkvintetten. Publikum kan i år også glede seg til nok eit verk av Fanny Mendelssohn, ein komponist som først no i seinare tid har fått si fortente merksemd. 

I år er det 100 år sidan Gyorgy Ligeti vart fødd. Han var ein komponist som kunne seiast å vere undervegs heile livet, alltid nysgjerrig utforskande og villig til å eksperimentere. Han ynskja å skape sin musikk «frå intet», og i Musica Ricercata frå 1951-53 vert det skapt ein stor og rik musikk frå svært avgrensa, definerte parameter.

For årets festival har vi gleda av å ha festivalkoret tilbake på programmet, i et allsidig program bygga rundt Haydn praktfulle Therresienmesse. Vi gler oss.

Med dette ynskjer vi dykk alle hjarteleg velkommen til Sunnmøre Kammermusikkfestival 2023. 

– Annar Follesø & Wolfgang Plagge

Våre gode samarbeidspartnarar

Møre og Romsdal fylkeskommune

Volda kommune

Hareid kommune

Tussa

Furutunet AS

Høgskulen i Volda

Sparebank 1 Søre Sunnmøre

Studentsamskipsnaden i Volda

Brænne Eigendom AS

Følg oss på instagram @sonnmorekammer