Artistar

  • BARYTON

    Bernt Ola Volungholen kjem frå Stange i Hedmark. Han har studert ved Operaakademiet i København, med Susanna Eken som lærar. Til tross for sin unge alder har han allereie flere innstuderte og framførte roller, blant anna var han med i Det kongelige teaters 10-årsjubileumsforestilling som cover for hovedrollen Papageno.

    Volungholen debuterte i RingsakerOperaens oppsetning av Hoffmanns eventyr i 2010. Han har arbeida med landets fremste orkestre og dirigentar som KORK, Barokkanerne, Terje Boye Hansen og Torodd Wigum, og har vore hyppig gjest ved Kirsten Flagstad Festival gjennom ei årrekke.

    Ved urframføringen av Henning Sommeros opera Querini, som vart spelt på øya Røst ytterst i Lofoten i 2012, song Bernt Ola partiet Christophoro. Han syng òg kirkemusikk og har mellom anna sunge Ein Deutsches Requiem av Brahms og Forkledd Gud av Larsson. Han er òg ein aktiv operapub- og konsertsongar.

    Frå 2016 til 2019 har han vore ein del av ensemblet ved Luzerner Theater i Sveits, der han har gjort roller som Lescaut i Manon, Giorgio Talbot i Maria Stuarda, Mercutio i Romeo og Julie og Papageno i Tryllefløyten – for å nemne noko. Rolla som Papageno song han også ved Den Norske Opera & Ballett i 2017. Hausten 2019 song han rolla som Figaro i Barberen i Sevilla hjå RingsakerOperaen.

    Jula 2021 var Volungholen tilbake i Den Norske Opera & Ballett for å gjere Jupiter i Orfeus i underverdenen, og i sesongen 22/23 var han med i konserten Wonderful Bernstein! (kjelde: Operaen.no)

  • FIOLIN

    Janina Kronberger er fødd i Freiburg, Tyskland i 1988 og byrja å spele fiolin då ho var fire år gamal. Då ho vart 16 byrja ho på diplomstudiet ved Hochschule für Musik Karlsruhe med Ulf Hoelscher der ho vart uteksaminert "mit Auszeichnung".

    I 2013 starta Janina i solistklassen til Prof. Mark Gothoni ved Universität der Künste i Berlin og var assistent det samme året.

    Janina har delteke i meisterklasser med mellom anna Igor Ozim, Nicolas Chumachenco, Ulf Hoelscher, Josef Rissin og Detlef Hahn. Ho vert jamnleg invitert til festivaler over hele Europa, har motteke stipender og vunne flere prisar i internasjonale konkurranser, blant annet Tyskland, Sveits og Frankrike.

    Kronberger er ein aktiv kammer- og orkestermusikkar og har jobba både som solist og konsertmester i flere tyske ungdomsorkestere. Ho har jamnleg vikariert i til dømes SWR Radioorchester Freiburg, Philharmonisches Orchester Freiburg, Badische Staatskapelle Karlsruhe og Det Norske Kammerorkester.

    Då hun fikk fast jobb som 1.fiolinist i Kringkastingsorkesteret 2014 flytta ho til Norge. Sesongen 2018/19 arbeida Janina i Den norske opera og ballett både som nestgruppeleder på 2.fiolin og som 2.konsertmester.

    Sidan 2018 har Janina vore fast fiolinist i Kringkastingsorkesteret.

  • BRATSJ

    Nora var som 14-åring med og stifta Vertavo-kvartetten, der ho var medlem i ei årrekke.

    Ho etablerte seg tidleg som ein av landets fremste på sitt instrument, med ei omfattande verksemd både som solist og kammermusikar. Ho har sidan 2006 vore solobratsjist i Kringkastingsorkestret, og hadde før det tilsvarande stilling i Bergen Filharmoniske Orkester og i Oslo-Filharmonien.

    Nora er òg ein særs dyktig formidlar, og har skrive artiklar for ymse tidsskrift og laget program for NRK radio. Førre gong ho gjesta Sunnmøre kammermusikkfestival var i 2022, og var også her i 2012.

  • CELLO

    Antoaneta Emanuilova er fødd i Bularia og flytta som ung til Tyskland der ho no bur. Ho vant tidleg viktige prisar og stipend, mellom anna første pris i Domenico Gabrieli-konkurransen i Berlin. Ho har omfattande erfaring som solist og som solocellist i ei rekkje framifrå orkester, men har det siste tiåret konsentrert seg meir om sin store lidenskap – Kammermusikk. Antoaneta er medlem av Oberon Trio og Mahler chamber Orchestra, og underviser òg si eiga celloklasse. Dette er tredje gangen Emanuilova vitjar Sunnmøre Kammermusikkfestival. Sist gong var i 2022.

  • FIOLIN

    «Follesø har en suveren formsans og et nyanseregister som bare må høres», skreiv Kjell Hillveg i Aftenposten då Follesø gav ut plata med Bartok i 2005. Annar byrja å spele fiolin på kulturskulen i Volda, men vart snart elev på Baratt-Due musikkinstitutt og har studert ved Indiana University School of Music i Bloomington i USA. Annar har halde konsertar i ei rekke land, vore solist med ei rekke orkester og gitt ut fleire plater. I fjor gav han ut ei ny plate saman med Kringkastingsorkesteret med Ole Bull-verker: "Stages of Life", denne hausta særs bra kritikk, både i Noreg og internasjonalt. “Stages of Life” var oppfølgaren til ei anna plate som Follesø gav ut med Ole Bull sine fiolinkonsertar. Denne plata mottok prisen Record of the Year hjå det britiske Grieg-selskapet. Annar er kunstnarleg leiar for Sunnmøre kammermusikkfestival saman med Wolfgang Plagge.

  • KLAVÉR

    Wolfgang Plagge sine verk vert framførte av orkester, solistar og ensemble over heile verda. Han er ein populær foredragshaldar, og den breie kunnskapen hans og den uhøgtidlege stilen har gjort han til ein gjengangar i radio og tv, mellom anna i serien «Landeplage» på NRK. Wolfgang er tilsett som professor ved Norges musikkhøgskole. Han vart kjend som barnetalent då han vann Ungdommens Pianomeisterskap 11 år gamal og debuterte som pianist året etter. Som komponist har han komponert meir enn 200 verk i alle sjangrar, frå stort anlagte orkesterverk til kor, klaver og kammermusikk. Wolfgang er kunstnarleg leiar for Sunnmøre kammermusikkfestival, saman med Annar Follesø.