Mathias Halvorsen (1988-) er oppvaksen i Haugesund, men bur for tida i Reykjavik med kjærasten og den 1 år gamle sonen deira. Mathias opptrer jamleg på mange rare stader med alt frå kammermusikk og solokonsertar til meir eksprimentelle sjangeroverskridande prosjekt. Ei oversikt finn du på www.mathiashalvorsen.com

Han studerte med prof. Jiří Hlinka (2006- 2010) ved Barratt Due Musikkinstitutt og prof. Gerald Fauth (2011-2013) ved Hochschule für Musik und Theater “Mendelssohn- Bartholdy” i Leipzig. Sidan 2018 er Mathias ein av tolv kunstnarprofilar som vert støtta av Bundeskulturstiftung for prosjektet BeBeethoven. Det fyrste soloalbumet hans med musikk av J. S. Bach vert gitt ut i november i år.

I 2008 skipa han PODIUMfestivalen i Haugesund saman med fløytist Guro Pettersen. I 2009 grov han fram manuskriptet på Halfdan Cleve sin klaverkonsert nr. 5 som han framførte med Litauen Statssymfoniorkester og dirigent Gintaras Rinkevičius. Sidan 2010 har han halde konsertar i stummande mørke som del av den kritikarroste trioen LightsOut.

I 2017 skreiv Mathias sin fyrste opera Dracula, tinga og framført av Haugesund kammeropera.

Dei siste åra har Mathias opptredd mykje saman med Peaches i duoførestillinga Peaches Christ Superstar. Produksjonen har besøkt festivalar som Theater der Welt i Mannheim og Yoko Ono’s Meltdown i London. Han har også vore sentral i fleire danse- og teaterførestillingar av regissør og koreograf Laurent Chetouane. I ei av desse (Den Stundesløse, Nationaltheatret i Oslo) debuterte Mathias også som skodespelar i tillegg til å vere pianist. Elles har han opptredd på festivalar som Brighton Festival, MOFO (Tazmania), Everybody’s Spectacular (Reykjavik), Scaldis Festival, Düsseldorf festival, Klara festival (Brussel), Portland Chamber Music festival og scener som Münchner Kammerspiele, Onassis Kultursenter (Athen), Queen Elizabeth Hall (Southbank centre), Kampnagel (Hamburg) og La Commune (Paris).