Frida Fredrikke Waaler Wærvågen (29) er ein norsk cellist med lang og solid bakgrunn. Ho starta å spele som 5-åring ved Horten Kulturskole. I 1998 vart ho tatt opp som elev ved Barratt Due Musikkinstitutt, og hadde professor Aage Kvalbein som lærar i seks år der. Frida Fredrikke fullførte bacheloren sin ved Norges Musikkhøgskole våren 2011 med professor Truls Mørk. Ho har også i fleire år studert med professor Frans Helmerson. Våren 2014 fullførte Frida Fredrikke Master etter to år ved Edsberg Slott, Kungliga Musikhögskolan i Stockholm, Sverige, med professor Torleif Thedéen.

Ho har vunne prisar og stipend i inn- og utland: ”Young Musician” i Tallin, Antonia Janigro International Cello Competition i Porec, Arve Tellefsens musikkpris, RWE Dea musikkstipend, Järnåker, og nyleg mottok ho “Wesselprisen” frå Det Norske Selskab. Ho har utmerkt seg som solist med ei rekke orkester i inn- og utland, deriblant Oslo Filharmoniske Orkester, Kringkastingsorkesteret, Münchner Rundfunkorkester, Zürich Kammerorkester, Kaunas Symfoniorkester og Gøteborg Symfoniorkester.

Frida Fredrikke har jobba som solocellist i det Kungliga Hovkapellet, Kungliga Operans Orkester i Stockholm, og er no frilanscellist i Oslo med mange oppdrag som solocellist med orkester og som kammermusikar. Ho er også fast gruppeleiar i strykeorkesteret Ensemble Allegria, som nyleg vart nominert til Spellemann-prisen.

Celloen ho spelar på er laga av Nicolas Lupot, 1823, og er lånt ut av Dextra Musica, Noreg.

In English:

Frida Fredrikke Waaler Wærvågen is a Norwegian cellist with a long and impressive list of accomplishments. She has studied with Professor Aage Kvalbein at Barratt Due Music Institute, Professor Truls Mørk at the Norwegian Academy of Music, Professor Frans Helmerson for several years, and Professor Torleif Thedéen at the Edsberg Castle, the Royal College of Music.

Since the age of 11, Frida Fredrikke has won several international and national prizes and scholarships : ”Young Musician” in Tallin, Antonia Janigro International Cello Competition in Porec, Arve Tellefsen Music Price, RWE Dea Music Scholarship, Järnåker and recently she received “Wesselprisen” from Det Norske Selskab, Norway Club. She has made her mark as a soloist with several orchestras at home and abroad such as the Oslo Philharmonic Orchestra, the Norwegian Radio Orchestra, Münchner Rundfunkorkester, Zürich Chamber Orchestra, Kaunas Philharmonic and the Gothenburg Symphony Orchestra.

Frida Fredrikke has worked as a solo cellist in the Royal Swedish Opera Orchestra in Stockholm and is now a freelance cellist based in Oslo with many engagements both as a solo cellist with orchestras and as a chamber musician. She is also a section leader in the string orchestra Ensemble Allegria.

Frida Fredrikke plays on a Nicolas Lupot cello, 1823. The cello is kindly lent to her by Dextra Musica, Norway.