Annar Follesø vert rekna blant dei fremste fiolinistane våre og har gjennom turnear og plateinnspelingar fått glimrande kritikkar i inn- og utland. Han er tilsett i Kringkastingsorkesteret (KORK). I 2010 gav han ut, som solist med KORK, førstegongsinnspelingar av Ole Bull sine fiolinkonsertar, ein CD som fekk strålande kritikkar og vart kåra til «Record of the Year» av det britiske Grieg-selskapet. Follesø vart utdanna ved Barrat Due Musikkinstitutt og Indiana University School of Music, Bloomington, USA, der han mottok Artist Diploma.

Annar Follesø har turnert og gitt konsertar i ei rekke land, mellom anna i USA, Russland, Kina, Austerrike, Frankrike, Ukraina og Sør-Korea. I 2010 var han solist med INSO Lviv i Ukraina, og i 2006 med Euro-Asian Philharmonic Orchestra i Seoul. Her heime har han mellom anna spelt ved Festspela i Bergen (seinast i 2013, då han gav nypremiere på Ole Bull sin «Norges Fjelde» saman med Kringkastingsorkesteret og sjefdirigent Miguel Harth-Bedoya), Stavanger Kammermusikkfestival og Griegfestivalen i Arendal, samt gitt konsertar i seriar som Hjertnesserien og «Norske Stjerner i Marmorhallen». Han har vore solist med Kringkastingsorkestret, Stavanger Symfoniorkester, Kristiansand Symfoniorkester og Oslo Camerata.

I tillegg til Ole Bull sine fiolinkonsertar har Follesø også gitt ut fleire andre kritikarroste innspelingar; den første (2003) med verk av Wolfgang Plagge og utgitt i samarbeid med pianist Helge Kjekshus, og den andre (2005) med verk av Bartók. Denne plata, utgitt i samarbeid med Christian Ihle Hadland og klarinettisten Björn Nyman, fekk særs gode kritikkar i inn- og utland. Kjell Hillveg skreiv i Aftenposten: «Follesø har en suveren formsans og et nyanseregister som bare må høres… Denne utgivelsen har med andre ord gitt meg et nytt syn på Bartók».

English:

Annar Follesø became the first Norwegian violinist to perform at the Salzburg Festival, when he won first prize at the international summer academy. He is one of Norway’s foremost violinists, and he has received acclaim both nationally and internationally for his tours and recordings. The world premiére recording in 2010 of Ole Bull’s violin concertos, in which Follesø is soloist with the Norwegian Radio Orchestra, received rave reviews and was voted “Record of the Year” by the British Grieg Society.