Våren 2010 var første gongen festivalen gjekk av stabelen, og frå og med 2013 har festivalen motteke støtte frå Norsk Kulturråd. Her finn du programhefta frå tidlegare festivalar.

2010

Eit møte mellom menneske – ”Eiksundsamklangen”

Sunnmøre kammermusikkfestival vil skape kunstnarlege opplevingar på høgt nivå for alle på Søre Sunnmøre. Eiksundsambandet gjer dette mogeleg. Poetisk kan det seiast at folket frå ut med havet møter folket frå fjordane i Sunnmøre kammermusikkfestival. Festivalprogrammet speglar denne intensjonen. Dei fem konsertane på programmet vil i perioden 6.–8. mai bli avvikla i ulike konsertlokale i kommunane Volda (Høgskulen i Volda, Volda kyrkje), Ørsta (Ivar Aasen-tunet), Ulstein (Fredheim) og Herøy (Herøy frikyrkje). Festivalen vert avslutta med ein stor konsert i Volda kyrkje der Høgskulen i Volda sitt symfoniorkester spelar saman med dei profesjonelle musikarane. Tre lokale kor vil også ta del på denne konserten.

Programhefte (PDF)

2011

Samarbeid

Sunnmøre kammermusikkfestival samarbeider tett med kulturskulane og musikklinjene på Søre Sunnmøre. Tilreisande artistar vil i løpet av veka gje instruksjon til vidarekomne elevar i regionen (meisterklasser).ande skular og studentar ved Høgskulen i Volda. Jennifer Stumm og Wolfgang Plagge vil i tillegg til undervisninga halde seminar for interesserte tilhøyrarar. Temaet til Jennifer Stumm vil vere erfaring med outreach-arbeid og undervisning av born i skule og lokalsamfunnet. Wolfgang Plagge skal halde seminar om temaet «Hva vil komponistene, og hva når frem til lytterne?» Ole Edvard Antonsen vil halde seminar for blåsarane i festivalorkesteret, og Per Kristian Skalstad vil ha eit tilsvarande seminar for strykarane. Alle dei andre medverkande artistane vil ta del i meisterklassene.

Programhefte (PDF)

2012

Brahms

Årets festival vert avslutta med Brahms’ ”Ein deutsches Requiem” for kor og orkester, det fyrste verket Brahms skreiv som nådde eit stort publikum. Verket blei i hovudsak skrive i 1866, året etter at komponisten si mor døydde, men fekk den endelege forma si i 1868. Tekstane er henta frå profeten Jesaja, Salmane, evangelia etter Matteus og Johannes, brev frå Det nye testamentet, Johannes´ openberring, Visdomens bok og Jesus Siraks bok. Vi trur dette trøystande, storslagne og inderleg vakre verket vil danne ei perfekt ramme rundt avslutninga av Sunnmøre kammermusikkfestival 2012.

Programhefte (PDF)

2013

Plag Plagge

Wolfgang Plagge, komponist, pianist og TV-/radio-fjes frå mellom anna «Kort og klassisk» og «Landeplage» er ein av dei kunstnariske leiarane på Sunnmøre Kammermusikkfestival. Under årets festival inviterer vi elevar frå Volda ungdomsskule til å «plage Plagge» i ein times tid med moglege og umoglege spørsmål om musikk. Under denne vesle stunda vil elevane få sjansen til å gå i dialog med eit av dei mest spennande musikkhovuda i landet om alt som har med musikk å gjere, og kanskje få lære noko nytt?

Programhefte 2013 (PDF)

2014

1814

Programmet har i år 1814-jubileet som eit konseptuelt utgangspunkt. Årets bestillingsverk, signert den unge og spanande komponisten Bente Leiknes Thorsen, vil by på eit sideblikk på grunnlovsjubileet og på dei 200 åra som følgde med Noreg som sjølvstendig musikknasjon. I dei øvrige verka vender vi blikket utover i Europa og til Nord-Amerika, og på dei ideane som var med på å prege grunnlova. Beethoven har fått ein sentral plass i programmet som den komponisten som kanskje mest av alle blei assosiert med ideane om fridom, likskap og brorskap frå den franske revolusjon. Ved hjelp av komponistar så forskjellige som Lully, Haydn, Mozart, Schubert, Dvorak, Brahms, Hopkinson og Janacek, fylgjer vi fridomsideane både bakover og framover i tid, også representert ved motsetninga deira, den absolutte konge- eller keisarmakta.

Programhefte 2014

2015

Lenke til SKMF 2015

2016

Programbrosjyre 2016 (pdf)