Sparebank 1 Søre Sunnmøre deler kvart år ut eit talentstipend på kr 25000 under festivalen.

Dersom du er under 20 år og bur i ein av kommunane på Søre Sunnmøre (Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta), kan du melde deg på i konkurransen om stipendet. Frist for påmelding er 15. juni.

Påmelding skjer til kulturskulerektoren i heimkommunen din. Om du ønskjer å delta, kan du også snakke med instrumentlæraren din i kulturskulen. Du må ikkje vere elev i kulturskulen for å kunne delta.

Etter at fristen for påmelding er gått ut blir det bestemt kven som får stille i konkurransen og dei påmelde får beskjed.

Talenta spelar/syng på dei fire første konsertane 2. – 8. september etter ein nærmare plan.

Årets vinnar blir kåra på avslutningskonserten i Volda kyrkje laurdag 8. september.

Talenta deltar i konkurransen med klassisk musikk og talentstipendet kan berre vinnast ein gong.

Meld deg på