Det er Håkon Daniel Nystedt som kjem som dirigent for festivalkoret i år òg, og for oss som var med i fjor, vert det eit kjekt gjensyn og ei ny musikalsk oppleving! Avlutningskonserten i år er laurdag 8.sept. Innøvinga gjør Bert Handrick.

  • Programmet for koret er:
  • Tomas Tallis: Sancte Deus
  • John Tavener: Syvati for blanda kor og cello
  • Rachmaninov:Utdrag frå All night vigil , op 37 

Nystedt har ønskt eit stort og godt kor på dei to siste, men eit lite kor på Tallis, kanskje berre 12 songarar.  Kven det kan bli, må dei musikalske leiarane for koret finne ut av. Musikken finn de på nett, og notar vert bestilt når vi veit kor mange vi treng.

Endeleg øvingsplan er ikkje vedteke, men vi vil gjerne ha ei øving før sommaren, og har føreløpig sett opp tysdag 12.juni kl 19.30. Øvingsplan for hausten vert omtrent som før, tysdagar frå 14.aug og fram til festivalveka. Planen kjem når den er klar.