Komposisjonskurs for barn og ungdom med Magnar Åm og Wolfgang Plagge!

15. juni kl. 18–19.30 og 16. juni kl. 12–15.00 2018 på Høgskulen i Volda.

No har du sjansen til å lære å komponere av to ekte komponistar.

Dag 1: Du lærer om ulike komposisjonsteknikar. Korleis kan ein tenkje når ein skal lage heilt eigen, ny musikk? Vi leikar oss med songar vi kjenner frå før, testar ut og får vete komponistane sine beste triks og lure kjørereglar.

Dag 2: Dette er dagen då du komponerer med god hjelp frå Wolfgang og Magnar. Det er ikkje nødvendig at du har komponert noko tidlegare, men det er ein fordel om du har vore borti notar. Så lenge du har lyst til å lage musikk og synest det høyrest morosamt ut, hjelper Magnar og Plagge deg med resten.

Etter kurset set Magnar og Plagge komposisjonene saman til to stykke. Desse vert framført på den fyrste konserten i festivalveka, Draumekonserten 2. september, av ein strykekvartett pluss bass og kan hende nokre blåsarar. Alle som kjem på konserten får høyre den fine musikken du har skrive.

Påmeldingssjema finn du her