Talentstipend frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre

Sparebank 1 Søre Sunnmøre deler kvart år ut eit talentstipend på kr 25000 under festivalen.

Dersom du er under 20 år og bur i ein av kommunane på Søre Sunnmøre (Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta), kan du melde deg på i konkurransen om stipendet. Frist for påmelding er 15. juni.

Påmelding skjer til kulturskulerektoren i heimkommunen din. Om du ønskjer å delta, kan du også snakke med instrumentlæraren din i kulturskulen. Du må ikkje vere elev i kulturskulen for å kunne delta.

Etter at fristen for påmelding er gått ut blir det bestemt kven som får stille i konkurransen og dei påmelde får beskjed.

Talenta spelar/syng på dei fire første konsertane 7.-9. september etter ein nærmare plan.

Årets vinnar blir kåra på avslutningskonserten i Volda kyrkje laurdag 9. september.

Talenta deltar i konkurransen med klassisk musikk.

Talentstipendet kan berre vinnast ein gong.

Juryen er samansett av fiolinist Annar Follesø, komponist og pianist Wolfgang Plagge og musikarar frå Søre Sunnmøre.

Komposisjonsverkstad med Wolfgang Plagge AVLYST

Måndag 28. august og måndag 4. september kl. 17.00-20.00 på Songrom A, Henrik Kaarstad-huset, Høgskulen i Volda.

Komposisjonsverkstaden er diverre avlyst.

Framføring onsdag 6. september kl. 17.00 i Konsertsalen, Henrik Kaarstad-huset, Høgskulen i Volda Ope for publikum AVLYST

Har du lyst til å lage/komponere musikk? Er du i alderen 10-13 år? Bli med på Komposisjonsverkstad, då vel!

Kr 200, påmelding innan 24. august

Meld deg på