Sunnmøre kammermusikkfestival har som mål å gi publikum på Søre Sunnmøre musikalske opplevingar av høg kvalitet gjennom å arrangere kammermusikkonsertar med nasjonale og internasjonale artistar av ypparste klasse.

Møte

Vi vil skape ein årleg kammermusikkfestival med høg internasjonal kvalitet som er med på å knyte folket og bygdebyane i området saman på ein god måte.

Opplæringsoppdraget

Festivalen ønskjer å legge vekt på «opplæringsoppdraget», og ein viktig del av festivalen er å gi førelesingar, meisterklassar og verkstadar for ålmenta, kulturskuleelevar på Sunnmøre, barn i barnehage og skule, og studentar ved Høgskulen i Volda. Slik vonar vi at festivalen og festivalmusikarane er med på å skape meirverdi for kulturlivet på Sunnmøre, for barn og unge i kulturskulane og høgskulestudentane i Volda.

Masterclass Den verdskjente trompetisten Ole Edvard Antonsen og to unge musikarar frå Sunnmøre

Talenststipend

Kvart år deler Sparebank 1 Søre Sunnmøre ut eit stipend til ein ung talentfull musikar under festivalen.

Initiativtakarane

Initiativtakaren til Sunnmøre kammermusikkfestival er Jacob Kjøde jr. Dei kunstnarleg ansvarlege for festivalen er fiolinist Annar Follesø og professor Wolfgang Plagge, båe musikarar på internasjonalt toppnivå.

Våren 2010 var første gongen festivalen gjekk av stabelen, og frå og med 2013 har festivalen motteke støtte frå Kulturrådet.