Louvise Engeseth (14) blei høgtidsamt presentert og utropt som fortent vinnar av årets talentstipend. Sparebank 1 Søre Sunnmøre si tildeling av stipendet skjedde under den siste konserten av årets utgåve av Sunnmøre kammermusikkfestival.

I fråværet av representantar frå banken var det festivalstyreleiar Gunnar Stave som hadde æra av å gi Louvise Engeseth gåvesjekken på 25.000 kroner og eit fat signert Volda-kunstnaren Yngvil Birkeland. Det er likevel tilbakemeldingane frå juryen som betyr aller mest for 14-åringen. Les meir i Sunnmørsposten.