Elevane

Under festivalveka 2.- 8. september arrangerer Sunnmøre kammermusikkfestival ei rekkje arrangement som er retta inn mot elvar, kulturskuleelevar, studentar og ålmenta. – Formidling er eit sentralt aspekt ved festivalen, kommenterer styreleiar Gunnar Stave.

Meisterklassar

Meisterklasse er ein undervisningstime der unge musikarar kan få undervisning og instruksjon frå ein av dei profesjonelle musikarane. Meisterklassene har ei form som gjer undervisninga interessant også for andre enn dei aktive musikarane. Meisterklassene er difor opne for publikum.

Her får ein miusikkstudent frå Høgskulen i Volda gode tips frå den britiske tenoren James Gilchrist.

Kunstnarleg leiar Annar Follesø instruerer ein ung fiolinist.

Talentstipendet

Sunnmøre kammermusikkfestival legg også vekt på å gi unge musikarar i regionen ein stimulans til vidare utvikling. I programmet har vi fleire tilbod til elevar i kulturskulane og andre interesserte. Høgskulen i Volda, kulturskulane og Volda vidaregåande skule er viktige samarbeidspartnarar for festivalen. I samarbeid med festivalen deler Sparebank 1 Søre Sunnmøre kvart år ut eit talentstipend på kr 25 000 til ein ung musikar frå vår region. Stipendet vert delt ut på avslutningskonserten i Volda kyrkje.

To av dei nominerte, Silje Håheim (18) og Johannes Falk Davidsen (17), har begge vore elevar ved kulturskulen sidan dei gjekk i tredje klasse. Silje spelar piano og Johannes fiolin. Vikebladet skriv om desse her.

Musikkelevar ved Volda vidaregåande skule får kurs i direksjon

Håkon Daniel Nystedt er ei stigande stjerne blant norske kordirigentar. Nystedt har vore kunstnarleg leiar for Det Norske Kammerkor sidan 2005.

Håkon Daniel Nystedt underviser direksjonsklassa på musikklinja ved Volda vidaregåande skule.

Opne foredrag

I programmet for årets kammermusikkfestival fine ein fire opne foredrag. Tre av dei er ved tilsette ved Høgskulen i Volda.

Høgsskulelektor Øystein Salhus fortel om musikk som helsebringande aktivitet i eldreomsorga.

Wolfgang Plagge kan kunsten å underhalde både små og dei store! I foredraget på Ivar Aasen-tunet delte han noko av sin allsidige kunnskap med publikum.

Alle foto: Robert Skeide.