Det var godt frammøte til den første konserten i Henrik Kaarstad-huset ved Høgskulen i Volda. Publikum fekk høyre eit variert program med stor spennvidde.

Konserten starta opp med to wienerkomponistar: fyrst ein sprudlande ung Beethoven, så ein mogen, kontemplativ Anton Webern i ferd med å endre musikkhistoria.

Så tok ein turen til England på 1600-talet, og til ein av dei største tidlege songkomponistane, Henry Purcell.

Konserten vert avslutta med eldfull ungarsk seinromantikk, med Ernö Dohnányi sin klaverkvartett, noko publikum tydeleg sette pris på.

Styreleiar Gunnar Stave opnar. Han la vekt på at kammermusikkkonsertane med musikarar i verdsklasse er hjørnesteinane i programmet.

Programmet og musikararane

Beethoven: Sonate for firhendig klaver (Wolfgang Plagge, Mathias Halvorsen) Webern: Fire stykke, op. 7 (Annar Follesø, Mathias Halvorsen) Purcell: «Music for a while», «Fly swift, ye hours», «If music be the food of love» (James Gilchrist, Wolfgang Plagge, Jonathan Aasgaard) Dohnányi: Klaverkvartett i fiss-moll (Wolfgang Plagge, Raquel Castro Pego, Yuval Gotlibovitch, Frida Fredrikke Waaler Wærvågen)