Over

Startskotet for Sunnmøre Kammermusikkfestival er gått. Mange fekk med seg "Draumekonserten" med Høgskulen i Volda i går. – Over 70 ungdomssymfonikarar frå heile Sunnmøre tok del. Studie- og kulturbygda Volda fekk vist seg frå si beste side, seier seniorkonsulent Per Arne Brandal.

Høgskulen i Volda (HVO) er ein av hovudsponsorane for Sunnmøre kammermusikkfestival. Festivalen hentar musikarar av internasjonalt format til Sunnmøre for å gje publikum det beste innan kammermusikk.

Rekrutterande

– Festivalen skaper meirverdi for kulturskuleelevar, HVO sine eigne studentar og andre gjennom tilbod som konsertar, samspel, meisterklassar og førelesingar. Vi vonar at samarbeidet med Sunnmøre kammermusikkfestival kan skape merksemd om nokre kvalitetar ved Volda som studiestad og verke rekrutterande, ikkje minst for dei mange studietilboda innan musikk og andre kulturfag, seier Brandal som jobbar i Kontor for samfunnskontakt ved høgskulen.

Dirigent Sverre Sørdal leia samspelet med stø hand.

Frå konserten

Konferansier under «Draumekonserten» var festivalens musikalske leiar Annar Follesø, som til dagleg har sitt arbeid i Kringkastingsorkesteret. Her står han saman med dirigent Sverre Sørdal.

Dei som speltevar Ungdomssymfoniorkesteret ved kulturskulane i Volda og Ørsta, Havella frå Herøy, Ytre strøk frå Ulsteinvik og Hareid, Indre strøk frå Ålesund, Strykekvartetten Alegrar frå Barratt Dues musikkinstitutt og Con Moto frå Volda.

Dei presenterte eit flott og spennande program: “Byporten i Kiev” av Mussorgskij, “The Phantom of the opera” av Lloyd Webber, Vals nr. 2 frå “Jazz-suite” av Shostakovitsh og til slutt “Romanze” av Johan Svendsen.

Den unge solisten Oda Holt Gübther briljerte på “Romanze” av Johan Svendsen og løfta orkesteret til nye høgder.

Ytre strøk presenterte sju små stykke av Brahms under leiing av Nadia Demirova. Indre størk” under leiing av Samuel Skrede spelte “Andante Festivo” av Sibelius.

Alegrar Strykekvartett framførte spennande tonar av Mozart, Tsinsade, og Hisaishi. Framføringa var lekker, elegant og med utruleg dynamikk og presisjon.