Styreleiar

– Vi registrerar ein auke på 30 % i publikumstalet til dei ordinære kammerkonsertane i høve til i fjor, seier dagleg leiar Åshild Widerøe. Festivalen 2017 har fleire samarbeidspartnarar, involverer fleire ungdomsmusikarar og gir undervisning til fleire elevar, kulturskuleelvar og høgskulestudentar enn nokon gong.

Sunnmøre kammermusikkfestival har som mål å gi publikum på Søre Sunnmøre musikalske opplevingar av høg kvalitet gjennom å arrangere kammermusikkonsertar med nasjonale og internasjonale artistar av ypparste klasse.

Festivalen ønskjer å legge vekt på opplæringsoppdraget, og ein viktig del av festivalen er å gi førelesingar, meisterklassar og verkstadar for ålmenta, kulturskuleelevar på Sunnmøre, barn i barnehage og skule, og studentar ved Høgskulen i Volda.

– Vi vonar at festivalen og festivalmusikarane er med på å skape meirverdi for kulturlivet på Sunnmøre, for barn og unge i kulturskulane og høgskulestudentane i Volda. I år har vi rekordmange arrangement, og vi har samarbeidd med fleire partar enn nokon gong. Nemnast kan Ørsta og Volda jazzklubb, Volda Ørsta kyrkjeakademi, kulturskulane, ulike samspelsgrupper på Sunnmøre, Volda vidaregåande skule, Høgskulen i Volda, Studenthuset Rokken, KORK, sjukehuset og omsorgssenteret i Volda, Geiranger bakeri, fleire hotell og Studio Hugo Opdal på Flø, seier Widerøe.

Frå årets Draumekonsert som samla 80 ungdomssymfonikarar frå heile Sunnmøre. Foto: Robert Skeide.

Konsertane

Årets festivalmusikarar var Annar Follesø (fiolin), Nina Gravrok (sopran), Miki Aoki (klaver), Henrik Hannisdal (fiolin), Eriikka Nylund (bratsj), Jonathan Aasgaard (cello), Håkon Daniel Nystedt (dirigent) og Kristian Lindberg (flygel).

I år var det to nye konsertstadar på programmet, Flø og Sæbø, i tillegg til konsertane i Volda og på Hareid.

Frå konserten i Geiranger Bakeri.

– Konserten på Flø får gode tilbakemeldingar. Det vart nesten magisk med kammermusikk i Studio Hugo Opdal med storhavet som næraste nabo, seier Widerøe. Foto: Gunnar Wiik.

Sjå video frå opningskonserten.

I tillegg til konsertane med festival musikarane, skipar kammermusikkfestivalen i samarbeid med andre ei rekkje andre konsertar. «Draumekonserten» samla 80 unge symfonikarar frå heile Sunnmøre, ei gruppe musikarar frå KORK spelte på sjukehuset i Volda og lokale musikarar fekk utfalde seg på Kammerjazz på Volda turisthotell.

Undervisning

Elevar i kulturskulane på Sunnmøre, elevar på Volda vidaregåande skule og studentar ved Høgskulen i Volda har i ulike samanhengar fått rettleiing undervisning av dei tilreisande musikarane. I tillegg til meisterklassane, har det vore opne øvingar, føredrag, instruksjon i kor og samspel, kurs i musikk-kritikk med meir.

Viona Shera frå Ulstein kulturskule får rettleining av Miki Aoki med den kjende andre satsen frå Beethovens Ass-dur sonate op. 14. Foto: Robert Skeide.

– Fire masterstudentar under professor Magnar Åm ved Høgskulen i Volda har også fått framført komposisjonar av dei profesjonelle musikarane, avsluttar Widerøe.